Introduksjon ved Ingar Knudtsen
Denne novella presenteres “as it is” som det heter. Den ble til fordi Ottar Roaldset, redaktøren i bladet Heimveg ønsket seg ei novelle på nynorsk. At han dermed bidro til noe som skulle bli langt større enn det, er en helt annen historie. Denne vesle fortellinga om undertrykte mennesker som leter etter “paradiset” på andre sida av ei grense ble en ide som jeg brukte om igjen i boka Våpensøstrene.
Men den kan kanskje også sees på i dag som en kommentar til den tragiske situasjon mennesker fra fattige land kommer opp i når de på jakt etter et bedre liv ender som borgere på nederste hylle i et fremmed land som egentlig ikke ønsker at de skal komme… Et land som når kanskje alt kommer til alt på mange måter ikke er rikere enn deres eget. I hvert fall slett ikke rikere på toleranse og hjertevarme.
Novella ble trykt i Heimveg nr .4, juni 1976. Den ble senere gjengitt også i Øyvind Myhres fantasyzine Gandalf.
Redaktør Ottar Roaldsets innledning til novella:
“Med dei to bøkene sine, Dimensjon S og Under ulvemånen, representerer Ingar Knudtsen jr. noko for seg her på Nordmøre. Han er sterkare knytt til straumdraga utanfrå enn andre. Vi håpar å kunna koma tilbake med ein skikkeleg omtale av forfattarskapet. I dag skal vi berre uttrykkje glede over å kunne presentere ein prøve på korleis I.K. jr. skriv. Den inneheld mange ting som er karakteristisk for opphavsmannen.”
Paradislandet
Novelle av Ingar Knudtsen
Månen i siste kvarter steig opp og lyste ned åsryggen igjennom forvridde tre, på fire forhutla menneske ikring eit lite bål. Natta var kald og mjuk på same tid, fjelltussar og dyr som såg skinet frå bålet gjekk ein omveg kring leirplassen og kunne anast berre som grøne glimt i lurande auger i buskane og som forte skuggar som vart borte i mørkret mest for dei kom.
Ila Rokina hadde demonstrativt sett seg rett imot Laghifjellas himmelhøge, trugande skuggar, medan dei tre andre satt krøkte med ryggen imot. Det var som dei less som om dei på det viset kunne verja seg mot tanken på dei, gudelovane dei braut med berre å væra her dei no var, på veg mot det målet dei hadde sett seg.
– Gudane på Laghifjella har nok vortne late no, sa Ila spottande. – Dei bryr seg ikkje med at dei heilage lovane deira vert brotne.
Dei andre såg forferda på henne.
– Tei still med deg, Ila, sa Garn Kvitfugl, med ei stemme som låg ein stad midt imellom sinne og beundring. – Du set oss alle i stor fare med den sleivkjeften din. Hugs at gudane har auger og øyrer overalt!
– Ja, du skal ikkje spotta gudane, fall Tordar Klo inn. – Du skal ikkje det.
Ila rista forakteleg på hovudet.
– Gudane har sagt at berre dei som lyder lovane deira, og som tener dei trufaste heile livet skal få koma inn i det forgjetta Ak-al-Meer. – Og her er vi, fire menneske som har reist ifrå dei skrinne jordlappane og kalde hyttene våre i Geosia, og utan lov drege som tjuvar i natta på veg mot landet med mjølk og honning. Ikkje noko ildregn har kome frå himmelen for å stogga oss, ikkje noko lyn frå guden Argors fingrar. Derfor må anten gudane ha vorte likesæle med oss, eller dei er ikkje så mektige som vi trudde.
– Mektige nok til at Lenkin, bror min, fekk dødsguden Grumn sendt ned til seg då han rauk uklar med prestane i bygda si, og Ul at ildregnet tok sonen min i fjor då eg banna gudane for den skatten dei kravde meg… Den elles tagale Hela Siitaini såg med dei mørke, triste augo sine på Ila. – Jau, dei er mektige nok.
Ila såg frå den eine til den andre.
– I kveld, som i går, som dagen før talar de berre om kor redde de er for gudane, korleis de kvar augneblink ventar at ildregn og anna “gudegåver” skal stogga oss. – Eg kan difor heller ikkje anna enn spørja ein gong til: Kvifor bli med på denne ferda i det heile?
Det var stilt ikring bålet. Tordar Klo la mekanisk eit knippe kvistar til på glørne. Dei trong ikkje svara Ila på spørsmålet hennar, det hadde dei gjort for. Alle hadde dei brote lovane, alle hadde dei med opprør i tankar og gjerning sett seg sjølv utanfor håpet om å med gudanes hjelp få koma til Ak-al-Meer, det landet som var like rikt som Geosia var fattig, landet der fridom venta, og evig ungdom. Der ingen var sjuke, ingen var einsame… I desperasjon hadde dei drege av stad i den leia dei trudde at Ak-al-Meer låg i. Slik hadde dei i det minste eit ørlite håp om eit betre liv, sjølv om dei samstundes inst inne venta på å bli innhenta av gudanes vreide, og bli stilt til regnskap for si ulydnad. Berre Ila Rokina syntest å ikkje ense slike tankar – ho hadde drege avstad meir avdi ho var ein eventyrar av natur, med lopper i blodet.
Då sola rann i aust var berre lunka oske igjen av bålet og dei fire var langt avstad i den grå morgondisen.
Ein smal sti førte fram igjennom skogen. Trea var noko høgre no, hardføre eviggrøne nåletre. Dei ville helst gått utanom alt som smaka av stiar og vegar, men kreftene tok til å minke – det var så alt, alt for tungt å koma fram i det ulende terrenget. Dei gikk i snublande gåsegang, med Ila først. Så runda dei nokre store steinar og stogga brått alle fire.
På vegen framom dei sto ein flokk menn og kvinner, kledd i fillete uniformer av eit slag dei ikkje hadde sett for.
Ila lot handa gli ned mot sverdet, klar til å riva det ut av slira.
Den andre flokken stogga og, det var to menn og tre kvinner. Ein av mennene sa noko på eit språk Ila ikkje forsto,
Ila let handa gli bort frå sverdskjeftet og heva ho i helsing.
– Vi er fredelege ferdafolk frå andre sida av fjella, sa ho. Kven er de?
Den andre rista på hovudet, han forsto ikkje. Ila gjentok det ho hadde sagt først på goriansk, og da det heller ikkje vart forstått, også på lemnisk.
Dei framande lyste opp og sa nokre forte ord til kvarandre på sitt eige språk.
– Vi er soldatar, svara ei av kvinnene attende, på eit noko gebrokkent lemnisk. – Vi er soldatar. Vi er på veg til det forgjetta landet. Hæren vår er slegen. Soldatar frå Nuum herjar overalt og Laghifjellas gudar, våre gudar, har laga el skjendig pakt med gudane i Neonuums tredje himmel. Ho avbraut seg sjølv: – Men vi trudde det forgjetta landet låg på andre sida av fjella her?
Garn Kvitfugl rista på hovudet.
– Nei, sa han. Der ligg berre Geosia, som vi er ifrå. Vi skal til Ak-al-Meer.
Det støkk i dei fem framande soldatane. Mistenksamt tok dei eit steg attende og hendene søkte på ny mot våpna.
– Geosia? Er de fillefransar frå Geosia? Det er løgn! – Og på veg til Ak-al-Meer? De er i Ak-al-Meer no. Det er herifrå vi er. Og vi skal til Geosia, paradislandet…
Ila kjende korleis hjartet brått fraus til en klump med is i bringa. Så braut ho ut i ein skingrande lått. Dei andre såg fælne på henne medan låtten auka i styrke og vart kasta attende som håse skrik frå dei svarte, majestetiske Laghifjella i nord.
— * —